Entertainment news Celebrity gossip Movie and TV show updates Latest celebrity news Trending entertainment stories
Sniktitt
Entertainment news Celebrity gossip Movie and TV show updates Latest celebrity news Trending entertainment stories The Outer Worlds 2
The Outer Worlds 2 kan bli ein av årets favorittar.




Publisert 28. aug 2025 kl. 14:00
Det er ikkje lenge til Obsidian lanserer sitt andre rollespel dette året, og denne gong er det tid for ein tur ut i verdsrommet anno omlag 1950 i The Outer Worlds 2. Denne oppfølgjaren til det som av mange blei kalla Fallout i rommet, lovar å bli større og betre på alle punkt.
Vi har spelt gjennom spelets prolog eit par gongar, både for moro skuld, men òg får å teste ut kor mykje valfridom spelet byr på.
Som rollespel flest startar det heile med at du bygger din rollefigur. Her får du velje mellom mann og dame, eller kroppstype ein og to, som det no heiter. Vi får og skru på dei fleste detaljar. Det er ein robust sak, men kjem ikkje heilt i nærleiken av dei mest avanserte figurbyggarane i bransjen. Det er eigentleg heilt greit, det går fort å lage noko, og etter å ha landa på ein herre med farleg snasen bart var eg i gong.
Eigenskapar kan takast påverke samtalene.
Øystein Furevik/Gamer.no
Valfridom frå dag ein
Eventyret starta på eit skip, og eg tok på meg rolla som kommandør på nemnde skip. Eg fekk kjapt eit oppdrag, og i første dialog fekk eg sjansen til å vere eit skikkeleg rasshøl, ein sjanse eg greip heilhjarta, og stakkaren som i utgangspunktet såg på meg ein helt, vil hugse mine ord.
Kort tid seinare fekk eg mitt oppdrag, og kvinna som gav det våga å vere frekk mot stakkaren eg sjølv nett hadde vore frekk mot. Slikt kan vi naturlegvis ikkje ha noko av, og eg skjelte ho ut. Ho blei då rasande, men eg sette ho på plass igjen ved å minne ho på kven som var kommandør på skipet.
Dette lovar bra. Det er ikkje nødvendigvis slik at alle tinga som skjer har direkte samanheng, men spelet gav meg kjensla av å styre ein figur i ei verd der eg sjølv fekk skape meg eit bilete av kven eg var.
The Outer Worlds 2 slektar, lik sin forgjengar, mykje på Fallout. Det er 50-tal, det er sært, det er dystert, og det er lattermildt. Fallout-referansane strekk seg og til korleis rollefiguren din blir bygd. Du kan velje ei rekke eigenskapar å spesialisere deg i, og alle vil gjere deg betre i noko. Du kan bli betre til å snakke, snike, dirke låsar, skyte, eller kanskje til å bruke eksplosivar. Du kan velje ein eller to av desse, men vel du to må du òg ta ein negativ eigenskap.
Akkurat dette likar eg. Det gjer det lett å skape eit bilete av kven du spelar, og for meg var det tydeleg at min helt var ein avdanka gambler som trivst best i skuggane og med velvalde ord, og berre plukkar opp eit våpen om det er naudsynt.
Her kjem ein dårleg vits om å ta folk bakfrå.
Øystein Furevik/Gamer.no
Naudsynt blei det, men ikkje nødvendigvis fordi spelet tvang meg til det. Det er berre noko med å krype rundt med ein kniv i handa som tvingar meg til å stikke den i ein rygg. Eg berre må. Eg veit eg kunne lista med stilt på tå, men det går ikkje.
Finn du vegen ut?
The Outer Worlds 2 gjev umiddelbart ei bra kjensle. Kontrollane sit godt, det flyt godt, og alle dei viktige rollespelelementa er på plass. Eg får valfridomen til å drepe eller snike meg rundt, og det er tydeleg at dei eigenskapane du vel, kjem til nytte. Eg gjorde til dømes god butikk på å dirke meg inn alle låste dører, noko som ikkje hadde gått like greit om eg hadde valt andre eigenskapar.
På eit punkt kan du ta ned ei bru for å kome deg til destinasjonen din. Dette sender ein bøling tungt væpna soldatar din veg. Om du kan dirke låsar, kan du heller opne ei anna dør, snike deg inn i ventilasjonssystemet der, og kome deg heile vegen på andre sida av brua utan å ha direkte kontakt med ein einaste fiende. Det krev sjølvsagt litt list, men det har du òg, om du har bygd figuren din deretter.
For den som ynskjer ser det òg ut til at spelet byr på ein del valfritt innhald. Her og der finn vi databrikker med informasjon på, og eg kom over fleire PC-stasjonar der ein kan lese alt frå beskjedar mellom folk, til viktige ordre. Fleire av desse kunne hackast, men då må du naturlegvis bygge ein rollefigur som kan akkurat dette.
Det er eigentleg her vi verkeleg kjem inn i kva som skapar den gode stemninga i det eg så langt har spelt av The Outer Worlds 2. Det er eit spel med absolutte humoristiske element, men det er og veldig dystopisk. Spelet hentar openbert mykje inspirasjon frå George Orwells klassikar 1984, og det er mykje snakk om å bli forfriska om ein sklir berre litt frå normen, og det skapar rom for mykje herleg, svart humor.
Her kunne eg kome lenger om eg hadde bygd figuren annleis.
Øystein Furevik/Gamer.no
At det heile er sett til ein ganske herleg sci-fi anno 50-talet-stil, er berre kruna på isen. Det er noko uskuldig, men fælt, men moro over heile greia som verkeleg inspirerer til meir speling. Eg vil sjå meir. Helst i går.
Vanskeleg eller lett, om du vil
Som i dei fleste rollespel kjem du ikkje unna ein kamp eller to, og fysiske konfrontasjonar kan raskt bli eit viktig element. Du kan sjølvsagt snike deg rundt med kniv og plukke ned mykje rart på den måten, men i løpet av prologen fekk eg leike meg med både pistol og rifle. Kontrollsystemet her er veldig tradisjonelt og byr på få overraskingar, men spelet gjer det lett å justere ting for å tilpasse seg ditt nivå.
Er du ein erfaren skytespelentusiast er det til dømes berre å skru av alt som har med autosikte å gjere. Skulle du derimot først og fremst vere ein rollespelar som kanskje ikkje meistrar action så bra, kan du skru på og justere denne for å vere temmeleg raus.
Du kan sjølvsagt velje å bygge ein karakter som er god på alt anna, og prøve å spele deretter, men å la folk delta i kamp på eigne premissar er i mi bok ein god ting.
Vidare kjem spelet med diverse artige duppedingsar. Du kan kaste ein lydgranat som lokkar fiendar innanfor ein radius mot seg, og «Tactical Time Dilation» frå det første spelet vender tilbake slik at du kan sakke ned tida for nokre velplasserte skot.
Kamp er moro og kjapt.
Øystein Furevik/Gamer.no
Konklusjon
Det er nesten akkurat to månader til The Outer Worlds 2 er her, og det kan bli lenge å vente. Spelets prolog lovar veldig godt, og har alt det ein kan ynskjer seg av ein The Outer Worlds-oppfølgjar. Vi får action, humor, gode moglegheiter for å gjere eigne val, samt mange artige måtar å handtere samtaler på.
Eg verkeleg gler meg til å sjå korleis det du gjer får konsekvensar lenger ut i spelet, noko eg sjølvsagt ikkje fekk sjansen til å sjå noko av i løpet av eit par korte timar.
Den sterkaste kjensla eg sit igjen med er likevel den av at for mange spel er alt for alvorlege. Det gjer godt når vi får eit fargerikt spel som tør å by på litt satire, litt humor, men ikkje så mykje at det hindrar ei god historie. The Outer Worlds 2 ser ut til å kunne by på både, humor, alvor og spaning i ei pakke, og det er det verdt å glede seg til.
The Outer Worlds 2 er ute på PlayStation 5, Xbox Series S/X (testa) og Windows 29. november.